Om
Har du lyst på ein fantastisk naturoppleving kombinert med litt fart og spenning? Ønskjer du å prøve vannscooter i trygge omgjevnader saman med ein av guidane til Sognefjord Boating? Då kan vannscootersafari på kysten og i fjordane ytterst i Sogn og Sunnfjord vere noko for deg!
I samarbeid med Hotel Sognefjord i Leirvik i Hyllestad kan du bli med på vannscootersafari for mindre grupper (2-5 personar). Vannscootersafari er ei flott naturoppleving, som kan kombinerast med fart og spenning dersom du ynskjer det. Vannscootersafari er noko for deg som kan tenkjer deg å prøve ein vannscooter i trygge rammer, samtidig som du får oppleve noko av den fantastiske kystnaturen og -kulturen Ytre Sogn og Sunnfjord har å by på.
Sognefjord Boating tilbyr i utgangspunktet turar på ein, to eller fire timar inkludert opplæring, men skreddarsyr gjerne ein tur for deg og dine vener.
For å køyre vannscooter er det krav om minimumsalder 16 år og båtførerbevis. Er du født før 1980, er det ikkje krav om båtførarbevis.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram