For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
© Petur Thor Photography
FjordKysten har mange kulturminner og historiske stadar frå vikingtida, frå år 800 til 1100. Sjølv om vikingane er mest kjent for sine herjingar og plydringar, var dei også handelsmenn, handverkarar, bønder, fiskarar, poetar, oppdagerar og statsbyggarar. Det er i vikingtida vi får dei skandinaviske nasjonalstatane. Det var stor aktivitet i regionen under viktingtida og framleis kan du sjå spora etter dei!
Gulatinget var ei årleg tingsamling som fann stad i Gulen frå ca. 900-1300 e. Kr. Gulatinget var eit av dei eldste og største tingsamlingane i Norden i mellomalderen. Her drøfta tingfolket politiske saker og tok avgjer i sivilie og strafferettslege saker gjennom 500 år. Tusenårsstaden Gulatinget utanfor Eivindvik i Gulen er ei markering av at den norske representative styringsforma har tradisjonar som går over tusen år attende i tid. Parken er reist med monumentale kunstverk av skulptøren Bård Breivik. Dei majestetiske innstallasjonane ”Tingveggen”, ”Tinghella” og ”Eldsirkelen” ber bod om den innverknaden Gulatinget har hatt for Norge som nasjon. Parken er ope for publikum, og det er omsyning for grupper heile året etter avtale. Du kan også få ei innføring i historia ved hjelp av informasjonstavler og sjølvguida digital vandring (frå august 2016).
Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Utvær er kjent frå historia heilt attende til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ved Likberget ser ein nokre spor i berget. Historia fortel at det er spor etter vikingane som slipte sverda sine før dei drog over havet på vikingferd. Sundagar i juli og til medio august kan du vere med på fyrsafari til Utvær frå Hardbakke.
I Hyllestad, etterlét vikingane eit av dei største kulturminne i heile Noreg: Eit imponerande steinbrotslandskap med hundrevis av brot. Dyktige steinhoggarar tok ut kvernstein etter kvernstein for å skipe dei ut i den store verda. Den gongen var kvernstein ein heilt sentral gjenstand: Ville du ete brød eller graut, måtte du først male kornet på ei handkvern eller vasskvern for å få mjøl. Kvernsteinshandelen i Hyllestad var ei god inntektskjelde - for dei som eigde land og satt med makta. I Kvernsteinsparken i Hyllestad kan du gå tur i brota og prøve deg sjølv som handverkar: Du kan male korn, bake brød, lage steinsmykke eller prøve oppstadveven.
I Korssund i Fjaler står det ein 3,85 meter høg steinkross som etter segna skal vere reist av Olav den Heilage etter at han her slapp fri frå forfølgjarar då han var på veg nordover langs leia. Fjellet opna seg for han, og Korssundet vart skapt, seier legenda. Korset er svært gamalt, truleg frå 1030, og er eit av dei største i landet. Krossen er laga av granatglimmerskifer frå kvernsteinsbrota i Hyllestad. Like ved krossen er eit rektangulært steinkar, som kan ha vore nytta som døypefont, eit sjeldsynt fenomen. Det er også ein gamal brønn like ved. Frå august 2016 kan du gjennom ei digital historiefortelling høyre segna om då landet opna seg for kongen.
Bakkejekta er ein kopi av Norges eldste bevarte trebåt, frå om lag 1750. Bakkejekta er bygd på same måte, med hogde bord. Båten er rigga slik vikingskipa var for tusen år sida. Kvar tysdag kveld i juli kan du bli med Bakkejekta på skumringstur på den vakre Dalsfjorden. På vegen over fjorden kan du høyre historier om livet den gong fjorden var ferdselsvegen og jektene hadde si storheitstid. Du vil og får høyre historia om Ingolf Arnarson. Han var frå Rivedal og den første som busette seg på Island.
I Rivedal har den Islandske stat sett opp ein statue av Ingolfr Arnarson, fødd kring 840, som dei meiner grunnla landet deira. Frå heimgarden sin i Rivedal måtte Ingolfr Arnarson i år 874 flykte etter å ha teke livet av to av sønene til Atle Jarl. Han reiste då vestover og kom til Island, og grunnla her den første busetjinga Slik går røtene til nasjonen Island dirkete tilbake til Rivedal i Dalsfjorden. Statuen er ein replikk av ein statue i Reykjavik.
Øya Atløy i Askvoll har etter soga fått navnet sitt etter eit blodig slag i Stavenesvågen, mellom Stavenes og Atløy. Atle Jarl var ein av hærførarane, og han vart gravlagt på denne øya.
Kinn er kjend for si middelalderkyrkje frå 1100-talet med eit svært særprega interiør, og den karakteristiske Kinna klova lengst vest på øya. På sørsida av øya finn vi og murar frå middelalderbusetjingar og i vest ei hole i fjellet. Kinn har og segn om ei irsk kongsdatter som kom til øya. Kinnaspelet som mellom anna handler om dette er eit historisk spel som vert sett opp kvart år. Til Kinn kan du frå medio juni – medio august dra med rutebåt frå Florø, og få ei guida omvising på øya og i kyrkja.
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2019 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram