Om
Den folkekjære diktaren Jakob Sande (1906 – 1967) er fødd og oppvaksen på Klokkargarden i Dale. Mange av dikta til Jakob Sande handlar om hans eiga utferdstrang og heimlengt. Vesle Daniel er ein av dei mest kjente karakterane i diktinga som handlar om dette, og i Dale sentrum står ein statue av han. Her finn du Bestefarsstaua med museumssamlinga, Løa og våningshuset med kontor, diktar-residens og overnatting. Frå 21. juni –16. august er tunet ope kvar sundag kl 14-17 med sommarkafèen «Lisa i Li» og litterær sommarsalong på Løa og du kan følgje ein omvisar i diktarens fotspor. Laurdag 15. august er det stort opningsarrangement av «Senter for forteljekunst på Vestlandet» . Sjå facebook og nettside for meir informasjon.
Omvising, servering og arrangement for grupper kan tingast heile året. Utleige av Bestefarsstaua og Klokkargardsløa til privatpersonar og grupper til andre arrangement. Ta kontakt for prisar og meir informasjon.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram