Om
KORSSUND – FJALER
Korssund er ein gamal gjest-gjevarstad heilt vest i Fjaler kommune, med ei rik og spanande historie. Staden har fått navnet sitt etter ein 4 meter høg steinkross som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Korsen er av typen ”Olavskross”, og er ein av dei største i landet. Korssund er ei naturleg god hamn, og her er eit myldrande båtliv om sommaren. Å ferdast gjennom dei smale sunda er ei idyllisk båtreise. I dag er her butikk, kiosk, gjestehamn og campingplass. Merka turstiar, sykkelutleige, utesjakk, badeplass, grillplass og leikeplass. Ein møteplass for sjø og land i gamal og ny tid.
TripAdvisor
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram