Om
Laukelandsfossen er eit kjent fossefall i Dalsfjorden like ved Dale i Fjaler. Fossen er eit imponerande syn med eit fall på 135 meter og opp til 100 meter bredde.
Det er fleire utsiktpunkt til Laukelandsfossen langs Dalsfjorden. Ein kan mellom anna sjå Laukelandsfossen frå Dalsfjordbrua. På nordsida av Dalsfjordbrua er det ein parkeringsplass med god utsikt til fossen. Her er også startpunkt for fleire turløyper i Fossedalen. Ei av turløypene går langs fjorden, med flott utsikt til fossen undervegs.
Har du båt eller kajakk, kan du ta turen heilt bort til fossen. Det er også mogleg å bade i ein kulp like under fossen!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram