Om
Har du lyst til å gjere noko artig i lag med andre? På Mestringsgården klatrepark kan du prøve deg på ei skikkeleg utfordring i trea.
I naturskjønne omgjevnader på Nesbø i Bremanger finn du Mestringsgården klatrepark. Her kan du prøve deg i 2 ulike klatreløyper. Undervegs i klatreløypene kan du utfordre deg sjølv på spennande hinder. Hindera utfordrar balansen og byr på artige opplevingar som du kan dele i lag med andre.
Klatreparken er ypparleg for barnefamiliar som vil ha kvalitetstid i lag, skuleutflukter, firmaturar og bursdagsfeiring. Her kan de ta feiringa til nye høgder ute i frisk luft. Etter klatreturen er over kan du unne deg brus, sjokolade, kjeks og kaffi med ekstra god samvit frå den lille kiosken vår. Du kan gjerne ta med deg eigen niste eller grillmat. Vi varmar opp grillpanna om du har lyst til å grille.
Mestringsgården Klatrepark har varierande opningstider. På Facebooksida vår finn du meir informasjon. Kontakt oss gjerne på Facebook for å gjere ein avtale eller send ein e-post til mestringsgaarden@gmail.com
PRAKTISK INFORMASJON
- Den som klatrar må vere minimum 100 cm høg og maksimum 120 kg.
- Barn under 6 år må ha følgje med ein vaksen
- Ungdom under 16 år må ha signatur frå ein vaksen
- Ha på praktiske klede som tåler å bli litt skitne. Helst treningstøy eller turtøy, og sko med ein god såle. Kler med snorer anbefalast ikkje.
- Det er gratis parkering ved klatreparken
ØNSKJER DU Å VERE INSTRUKTØR?
No kan du vere instruktør hos Mestringsgården Klatrepark. Ta kontakt på mestringsgaarden@gmail.com for meir informasjon.
Opplev ei spennende verd i trea på Mestringsgården klatrepark!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram