For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Tillate informasjonskapsler

Øya Kinn

6912 Kinn

57743000

Kinn © Eivind N.Hauge

Kart

Veibeskrivelse til kollektivtransport

Frå Florø
​​​​Det går lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø til Kinn kvar dag. Det går 5 båtar kvar dag i vekedagane og 2 båtar kvar dag i helgane. Det blir satt opp ekstra båtar på sommaren. Sjå kringom.no for rutetider. (Frå: Florø kai, Flora. Til: Kinn kai, Flora). 

Frå Bergen
Ta ekspressbåt frå Bergen til Florø, og reis så vidare med lokalbåt frå Florø til Kinn. På www.kringom.no kan du finne rutetider (Frå: Strandkaiterminalen, Bergen. Til: Kinn kai, Flora). På www.norled.no kan du kjøpe billett til ekspressbåten frå Bergen til Florø. Billett til lokalbåten frå Florø til Kinn kjøpast om bord. 

Frå Askvoll
Ta ekspressbåt frå Askvoll til Florø, og reis så vidare med lokalbåt frå Florø til Kinn. På www.kringom.no kan du finne rutetider (Frå: Askvoll kai, Askvoll. Til: Kinn kai, Flora). På www.norled.no kan du kjøpe billett til ekspressbåten frå Bergen til Florø. Billett til lokalbåten frå Florø til Kinn kjøpast om bord. 

Frå Kalvåg
Ta buss frå Kalvåg til Smørhamn og ekspressbåt frå Smørhamn til Florø. Frå Florø reiser til med lokalbåt til Kinn. Sjå kringom.no for rutetider (Frå: Kalvåg Knutholmen, Bremanger. Til: Kinn kai, Flora). Billett til ekspressbåten kan kjøpast på norled.no. Bussbillett og billett til lokalbåt kjøpast om bord i bussen/ båten. 

Frå Førde
Ta lokalbuss frå Førde til Florø, og lokalbåt frå Florø til Kinn. Sjå kringom.no for rutetider (Frå: Førde rutebilstasjon. Til: Kinn kai, Flora). Billett til buss og lokalbåt kan kjøpast om bord. 
​​​​​

NB! Ringestopp
Ein del av stoppa på Kinn er såkalla "ringestopp". Dette betyr at båten kjem til Kinn på oppsette tider dersom mannskapet veit at det er passasjerar. Dersom du søker etter rutetider på kringom.no, og trykker på "merknader" får du opp telefonnummeret til båten. Du må ringe til båten minimum 40 minutt før båten eventuelt kjem til Kinn for å plukke deg opp. Har du spørsmål? Ring gjerne til Turistkontoret FjordKysten på tlf. 5774 3000 eller kom innom turistinformasjonen i Florø sentrum (Strandgata 30).

Se også

KinnKinnakyrkja, Flora

© Merete MellingenKinnaspelet, FloraKom til sagaøya Kinn den tredje helga i juni og opplev Kinnaspelet, eit drama om kjærlighet og svik då reformasjonen kom til Norge.

MF Vågsøy © Fjord1Fjord1 AS, Flora

Strandgata 30, 6905 Florø,

Norway

Email: mail@fjordkysten.no

Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.