For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Bli med på øyhopping mellom 18. juni - 24. august 2018 (mandag-fredag)
Øyriket Solund har over 1700 øyar, holmar og skjær. Det er den lokale postbåten i midtre Solund som om sommar bind saman øysamfunna i Solund og Askvoll. Postbåten er svært viktig for det vesle øysamfunnet i Solund. Fleire av øyane i kommunen har ikkje vegforbindelse og postbåten knyter dei saman med kommunesenteret Hardbakke.
Postbåten ”Stjernsund” startar turen frå Hardbakke i Solund. Herfrå går turen stort sett i roleg farvatn, og ein passerer tronge sund og mange små øyskattar. Båtføraren guider undervegs. Her kjem ein tett på natur og dyreliv – nise, kobbe og havørn er ikkje uvanlege syn på turen!
Båten stoppar der det er postlevering eller passasjerar. Siste stopp på den ordinære postruta er det idyllliske fiskevêret Gåsvær, og her får ein moglegheit til å gå på land. Gåsvær er ein gammal handelsstad, og ein får møte det lokale vertskapet. Her er det mogleg å kjøpe seg ein kopp kaffi og noko å bite i. Det er også mogleg å overnatting på Gåsvær.
Etter stoppet på Gåsvær fortsetter båten nordover til Bulandet og Værlandet i Askvoll kommune. Her går du av båten, og kan utforske øyene på eiga hand. 6 bruer og 5 km med veg knyt øyene saman, og det er ypparlege forhold for sykling!
Vi anbefalar å starte med lunsj på ein av kafeane ved hamna, før ein leiger sykkel og utforskar øyene. Besøk utsiktspunkt, kunstutsal, det lokale bygdemuseet eller berre nyt den vakre naturen!
Den lokale postbåten går frå Hardbakke i Solund kl 11.00 kvar mandag-fredag frå 18. juni til 24. august. Det er mogleg å returnere til Hardbakke frå Bulandet om ettermiddagen (avgang kl 15.30).
Kle deg etter vêret, då ein kan sjå seg om utandørs på deler av turen. Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke, vêret kan skifte brått.
På Gåsvær og Bulandet er det mogleg å kjøpe mat og drikke. Hugs kontantar, då det ikkje er mogleg å betale med kort på Gåsvær.
Det er fleire overnattingstilbod både i Solund og på Bulandet og Værlandet. Vi anbefalar å booke overnatting på førehand og ta turen over fleire dagar. Start med nokre dagar i Solund, før du tar øyhoppingsbåten til Bulandet & Værlandet og tilbringer nokre dagar her.
Det er også mogleg å reise på øyhopping som ein dagstur frå Bergen. Kjøp rundturbillett på norled.no, Strandkaiterminalen eller turistinformasjonen i Bergen.
Reiserute
08.00 - ekspressbåt frå Bergen til Krakhella
10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke
11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke
13.45 - ankomst Bulandet
15.50 - avgang buss frå Bulandet
16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll
17.40 - ekspressbåt frå Askvoll
20.45 - ankomst Bergen
Reiser du frå Nordfjord eller Sogn kjøper du delbillettar undervegs på turen. Postbåten har begrensa antall plassar, og ein må reservere plass seinast dagen før ein reiser.
Reiserute med ekspressbåt frå Sogn:
07.05 - avreise Sogndal
07.30 - avreise Leikanger
07.50 - avreise Balestrand
08.05 - avreise Vik
08.50 - avreise Nordeide
09.20 - avreise Lavik
09.40 - ankomst Rysjedalsvika - båtbytte til nordgåande ekspressbåt
09.50 - avreise ekspressbåt frå Rysjedalsvika
10.15 - ankomst Krakhella i Solund
10.20 - buss frå Krakhella til Hardbakke
11.00 - avreise med postbåten "Stjernsund" frå Hardbakke
13.45 - ankomst Bulandet
15.50 - avgang buss frå Bulandet
16.30 - avgang ferje frå Værlandet til Askvoll
17.40 - ekspressbåt frå Askvoll
18.35 - ankomst Rysjedalsvika - båtbytte til sognebåten
19.00 - ankomst Lavik
19.30 - ankomst Nordeide
20.10 - ankomst Vik
20.30 - ankomst Balestrand
20.50 - ankomst Leikanger
21.20 - ankomst Sogndal
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2018 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram