Om
Sørstrand Folkepark er eit frilluftsområde som ligg to kilometer frå Florø sentrum, rett i austenden av flyplassen. Frå parkeringsplassen er det omlag ein kilometer ut til den ytterste holmen, Flatholmen.
Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet i Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon ellers i året. Det er bygd bruer ut til dei to holmane sør for stranda så her er plass til alle.
Området er tilrettelagt med bord og benkar der ein kan slappe av, eller ein kan gå rundt Flatholmen for å finne seg ein stad der ein kan sitje åleine og nyte utsikta. Her er det også volleyballbane og grillar. Området er tilrettelagt for rullestolbrukarar.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram