Om
Øykommunen Solund er ideell for sykling. Med utgangspunkt i kommunesenteret Hardbakke anbefaler vi desse sykkelturane:
Hardbakke – Avløyp
Frå Hardbakke sykler du nordover langs det idylliske Liasundet. På turen passerer du grendene Lia, Råke og Strand før du til slutt kjem til Avløyp. Der kan du ta ein tur til ”solnedgangsbenken”, som ligg rett ved vegen. Flott utsyn utover Lågøyfjorden. Du kan og raste i Lauvvika, der det er ei fin fjære. Vegen er relativt flat og lettsykla.
Det er ca. 11 kilometer ein veg og turen vil ta ca. 1,5 time tur/retur i moderat tempo. Det er ingen butikkar langs denne ruta, så hugs å ta med niste.
Hardbakke – Ytre Solund
Frå Hardbakke sykler du vestover til Daløy, der du tek ferje til Haldorsneset. Frå Haldorsneset kan du sykle nordover til Ytrøy, der Solundmat held til. Her kan du kjøpe fersk fisk og skaldyr, eller kanskje eit fenalår av villsau. Ta turen tilbake til Hjønnevåg, der det er kafè om sommaren. På Nåra er det daglegvarebutikk. På høgdene over Nåra er det god utsikt vestover der du ser dei ytste øyane i Solund, med Utvær lengst vest.
Sykkelutleige: Solund leiligheitshotell, tlf. 911 89 822
Verdt å få med seg medan du er i Solund:
- Topptur på Ramnenipa ved Hardbakke
- Topptur til Pollatinden
- Fyrsafari til Utvær
- Skafferiet, restaurant og pub i Hardbakke
- Frå Nåra går det rutebåt til Mjømna, Skjerjehamn og Eivindvik i Gulen kl.18.30 (DX67), ankomst Eivindvik 19.45. Stopp på Mjømna eller Skjerjehamn må førehandstingast seinast 2 timar før avreise, tlf. 91882600.
Frå Hardbakke kan du ta bussen til Krakhella, og ekspressbåten videre til bl.a. Askvoll, Florø, Rysjedalsvika, Mjømna, eller Bergen.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram