Om
Opplev Sagaøya Kinn og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen! Med flott turterreng og lett tilkomst frå Florø, er Kinn eit populært turmål heile året.
Heilt ute i havgapet ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15 000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn. På øya ligg ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen. Sommaren 2018 byrja ein på eit større restaureringsarbeid i kyrkja, dette arbeidet er ferdig i 2020. Kvar dag mellom 22.juni og 7.august er det vertskap i kyrkja. Du er velkomen inn i mellomalderkyrkja for å kjenne på stemninga i tida før, under og etter tidebønene kl. 13.00 og kl. 19.00. Fjellveggen bak kyrkja reiser seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er næraste nabo. Den berømte Kinnaklova er eit kjend seglingsmerke langs leia, som kan sjåast over store område. Kvart år, i juni, vert Kinnaspelet vist på tunet framfor kyrkja. Eit historisk spel om kjærleik, hat, truskap, og lojalitet til kyrkja og til menneske.
REISE TIL KINN
Vi anbefaler alle å ta med seg mat og vatn ut til Kinn. Det er ikkje butikk og sikre vannkjelder på øya. Hugs gode sko og ei vind- og vanntett jakke. Vêret kan skifte brått ute i havgapet så det er anbefalt å ha med varme klede i sekken.
Frå kystbyen Florø går lokalbåten mellom øyar og skjer ut til sagaøya Kinn. Det går lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø til Kinn kvar dag. Det går 5 båtar kvar dag mandag - fredag og 2 båtar kvar dag i helgane. Det blir satt opp ekstra båtar på sommaren. Sjå kringom.no for rutetider. (Frå: Florø kai, Kinn. Til: Kinn kai, Kinn). Du kan kjøpe billett til lokalbåten om bord. Det kostar om lag 90,- for ein vaksen per veg. Born får billett til redusert pris. Ein del av stoppa på Kinn er såkalla "ringestopp". Dette betyr at båten kjem til Kinn på oppsette tider dersom mannskapet veit at det er passasjerar. Når du søker etter rutetider på kringom.no og trykker på "merknader" får du opp telefonnummeret til båten. Du må ringe til båten minimum 40 minutt før båten skal plukke deg opp på Kinn.
VANDRE PÅ KINN
Etter at du stig i land følgjer du vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Turen til kyrkja tek om lag 30 minutt i roleg gange langs ein 1 km lang grusveg. Har du lyst på ein litt lengre tur, kan du gå rundt øya før du kjem tilbake til kaia der lokalbåten tek deg tilbake til Florø. Det er om lag 3 km frå kyrkja og rundt øya tilbake til kaia, og du kan rekne om lag 2 timar i gangtid. Turen rundt øya passar for både store og små, og går stort sett i lett terreng. Det er noko bratt terreng opp og ned Høgskaret.
Det er merka tursti rundt øya og opp "Inste Stauren", den høgste toppen i Kinnaklova. Frå toppen av stauren er det storslått utsikt! Du bør berekne ekstra tid om du går opp Inste Stauren. Ein kan også gå til toppen av Kinnafjellet. Her startar stien frå grusvegen mellom kyrkja og kaia.
OVERNATTING
Det er mogleg å overnatte i det gamle skulehuset på Kinn. Hytta er drifta er Flora Turlag. Turistinformasjonen i Florø har utlån av nøklar til hytta. Det er også fint å overnatte i telt på Kinn.
GUIDIA TUR
For tilbod om guida tur på Kinn, ta kontakt med Visit FjordKysten på mail@fjordkysten.no eller tlf. 57743000.
KINNAKYRKJA
Den segnomsuste Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Ho har seinare vore bygd på og restaurert, og framstår i dag så nær opp til det opprinnelege som mogleg. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord. Kyrkja er frå gamalt av knytt til legenda om St. Sunniva og Seljumennene, men ein meiner i dag at ho vart sett opp av keltarar som gøymde seg frå religionsforfølgjarar.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram