For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Tillate informasjonskapsler

Tursti Troda, Davik

+47 48 14 04 88

TRODA.

      I Davik tek ein til venstre ca. 50 m vest for Davik skule mot Hamrane og følgjer bygdevegen
      ca. 300 – 500 m.Den første delen av turen kan ein velje mellom to ruter:  Ein kan parkere på ein      
      velteplass og følgje skogsvegen vidare. (Det er og mulig å køyre opp skogsvegen (bomveg) til
      kanten av Mosehaugflata. Ein bør ha firehjulstrekk.) Ein kan og parkere i eit boligområde og
      følgje den gamle stølsvegen til ein kjem inn på samme skogsvegen som den andre ruta.
      Når ein kjem opp på enden av skogsvegen følgjer ein den gamle stølsvegen som går ca. 50 m
      vest for skogsvegen (skilt). Ein kjem så opp på Mosehaugflata og dei to Mosehaugsela.
     Turen vidare oppover følgjer ein stølsvegen til ein kjem opp på Helberghogen
      som ligg 500  moh. Herfrå er det jamn stigning opp mot Klebergola som er namnet på ein
      godt synleg varde. Frå Helberghogen til Klebergola og til like nedafor toppen på Troda 
      er merka sti med med raude prikkar og små vardar/steinar. 
      Sjølv om Troda ikkje er høgre enn 954 moh., er det eit storfelt utsyn. Mot vest ser ein 
      bort på den mektige veggen under Hornelen, ut mot Kalvåg og til Kjerringa ut på Stadlandet.
      I sør ser ein Ålfotbreen og i aust Gjegnen.
      Turen nedatt bør ein legge om Gullhaugen og Korskleberget. Korskleberget er eit av dei fire
      klebergsteinområda på Davikfjellet. Ein går vidare ned på Kvitesanden som var sommarstøylen
      til gardane i midtre Davik.  Her var det 9 sel og ein 60-70 kyr og ein 10-12 budeier når det var
      full drift. Frå støylen følgjer ein den gamle stølsvegen til ein kjem nedatt på skogsvegen nedanfor
      Mosehaugflata og held fram på vegen ein kom oppover på.

Kart

Fasiliteter

Gradering

  • krevende

Se også

Rugsund Kyrkje, Bremanger

Ålfotbreen, BremangerÅlfotbreen er 70 kvadratkilometer og strekker seg over kommunane Gloppen, Bremanger og Flora. Sjeldan kan ein by reklamere med ein isbre innanfor grensene.

Ålfoten Kyrkje, Bremanger

Gulebuda i Rugsund, Bremanger

Strandgata 30, 6905 Florø,

Norway

Email: mail@fjordkysten.no

Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.