Bryggeriruta i Fjordane byr på 3 bryggeri som lager utsøkt handverksøl og cider, god lokal mat, fjord, fjell og kyst! Du kan velje om du vil ta ei rundreise langs Bryggeriruta eller besøke bryggeria kvar for seg. Du reiser lett og rimeleg mellom stadane på ruta ved å nytte deg av FJORDcard, der du reiser så mykje du vil i 5 dagar med ekspressbåtane mellom Bergen - Nordfjord og Bergen - Sogn.
FjordKysten byr på det meste på vinteren - ikkje minst når det gjeld vêr. Den varme Golfstraumen gjer sitt til at vintrane er varme, og sjølv på den kaldaste tida er ikkje gjennomsnittstemperaturen lågare enn nokre få minus grader. Vi får snø her av og til, men den blir aldri liggande lenge her ute ved kysten. Ei vinterhelg, eller veke langs FjordKysten er som skapt for deg som vil ha naturopplevingar utanom det vanlege.
No kan du oppleve mange av dei historiske stadane langs FjordKysten gjennom sjølvguida vandreturar! Dette er lette kulturvandringar der du i tillegg til naturoppelvingar får ei interaktiv formidling med bilder / video og lydfortelling, som du laster ned på din smarttelefon eller nettbrett. Informasjonstavler på staden vil også gje deg informasjon om kulturminna. FjordKysten er rik på historiske stadar og kulturminner, og vi gleder oss til å la deg oppleve desse kombinert med flotte naturopplevingar i kyst- og fjordlandskapet.
Fjordane Friluftsråd er ein interkommunal organisasjon som starta opp i 2017 og har Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn som medlemskommunar. Vi støtter opp om tradisjonen lokalbefolkninga i kystnære område har med å ta vare på naturen og vil at alle skal få moglegheit til friluftsliv. Hovudmålet er at alle skal få moglegheita til friluftsliv som helsefremmande, trivselsfremmande og miljøvennleg aktivitet.
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram