FjordKysten byr på det meste på vinteren - ikkje minst når det gjeld vêr. Den varme Golfstraumen gjer sitt til at vintrane er varme, og sjølv på den kaldaste tida er ikkje gjennomsnittstemperaturen lågare enn nokre få minus grader. Vi får snø her av og til, men den blir aldri liggande lenge her ute ved kysten. Likevel kan vêret bli tøft vinterstid, og vêret skiftar fasinerande ofte og raskt.
Som besøkande finn du både rorbuer, hotell og sjøhus som er opne og restaurantar som byr på gode matopplevingar. Viste du at sjømaten er på sitt aller beste om vinteren? I Florø har vi eit av Norges beste handverksbryggeri. Kinn Bryggeri lagar handverksøl av ypparste klasse.
Ei vinterhelg, eller ei veke, langs FjordKysten er som skapt for deg som vil ha naturopplevingar utanom det vanlege. Fiske, kajakkpadling, kystvandring, dykking eller berre oppleve vêr og vind er noko av det du kan gjere her på vinteren.
Er du glad i å gå på tur har vi mange flotte kyststiar og toppturar du kan bruke heile året. Brandsøyåsen (286 moh) i Florø er eit populært turmål heile året. Stiane til toppen er godt tilrettelagte, og når du kjem opp kan du nyte flott utsikt over fjord, fjell og øyar rundt Norges vestlegaste by!
Vi har eit rikt dyreliv og ørna er lett å få auge på. Tar du turen til Gulen Dykkesenter så kan du bli med på dykketur i det klaraste vatnet du kan tenke deg, og bli med på ein spanande Periphylla safari nattestid.
Etter å ha vore ute i naturen gjer det godt å unne seg litt velvære med varme bad, ansiktpleie eller ein svømmetur innandørs. Vi har fleire spa og badeanlegg som har ope hele året. Carolas Buaspa i Kalvåg har eiga sandstrand med sol innandørs om du treng varme etter å ha vore ute i vêr og vind - dette er verkeleg balsam for kropp og sjel!
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram