* Guida turar på førespurnad. Ta kontakt på post@utver.no eller ring +47 474 09 482 for meir informasjon.
Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Utsikta frå fyret er utruleg flott. Når du vandrar på øya kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det mest fasinerande er likevel naturen og havet – lengst vest i Norge.
I alle år var fisket hovudnæringsveg på Utvær. Kort veg til fiskefelta gjorde været til eit senter i sesongbasert fiskeri. Det er ingen fastbuande der i dag, men om sommaren er det mykje feriefolk på Utvær. Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30. sekund når 35 km ut i Nordsjøen.
Hausten 2018 var den nye 50-kronesetelen lansert med Utvær fyr som motiv.
FYRSAFARI TIL UTVÆR
På sommaren kan du vere med på Fyrsafari til Utvær. Turen startar med ein båttur frå Hardbakke gjennom eit fasinerande landskap. På Utvær går du Nordsjøløypa rundt øya saman med ein guide. Undervegs kan du sjå kapelltufter og slipemerker frå sverd. Dei som vil kan gå opp i fyret og nyte den fantastiske utsikta!
Har du lyst til å reise på fyrsafari på høsten, vinteren eller våren? Det er mogleg å bestille fyrsafari gjennom heile året. Du kan lese meir om fyrsafari til Utvær her.
VIKINGTIDA
Utvær er kjent frå historia heilt attende til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ved Likberget ser ein nokre spor i berget. Historia fortel at det er spor etter vikingane som slipte sverda sine før dei drog over havet på vikingferd.
Gåsvær Fiskeferie, SolundSærprega, restaurert budstadhus med 3 leiligheiter heilt i sjøkanten. Gåsvær er ei øy i havgapet ytterst i Sognefjorden, ca 1km brei og 2km lang. Her kan du ta med deg familien eller vener på ei avslappende ferie på den sjarmerande øya.
Steinsund Marinesenter, Solund
Utvær, SolundUtvær i Solund er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Utvær har både historisk sus og ein natur som fengjer!
Solund Leilighetshotell - Overnatting, SolundTa turen til Solund Leilighetshotell - og nyt den fantastiske utsikta frå hotellet! Vi gir deg ein avslappande pause frå ein hektisk kvardag.
Organiserte båtturar - Sulejet AS, SolundSulejet AS tilbyr organiserte båtturar i området Bergen-Florø.
Fyrsafari til Utvær, SolundOpplev Norges vestlegaste fyr på Utvær. Staden har eit historisk sus og ein fasinerande natur heilt ytst i havgapet. Guida turar og opplevingar på Utvær er tilgjengeleg gjennom heile året på førespurnad, og i sommar kan du bli med på fyrsafari til Utvær.
Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet, SolundBli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet! Dette er ein flott rundtur blant dei vestlegaste øyene i Norge. Her kjem du tett på det spektakulære landskapet med tusenvis av øyer, holmar og skjær.
Guida kajakkturar - Sognefjord Active, SolundBli med Sognefjord Active (Norsk Kystkulturakademi) på kajakkturar i vakre Solund, heilt vest i havet!
Stormwatching Solund (3 dager), SolundTa turen til Solund Leilighetshotell - og nyt den fantastiske utsikta frå hotellet! Vi gir deg ein avslappande pause frå ein hektisk kvardag.
Stormwatching Solund (2 dager), SolundTa turen til Solund Leilighetshotell - og nyt den fantastiske utsikta frå hotellet! Vi gir deg ein avslappande pause frå ein hektisk kvardag.
Dei lokale turistkontora gir deg god og nyttig informasjon.
Copyright © 2021 FjordKysten
Følg oss...
Facebook
Twitter
Youtube
Instagram